Read aboutKorleis nyttar me forprosjekt i Ilder

Korleis nyttar me forprosjekt i Ilder
Utfall av eit forprosjekt. Wireframes!

Kanskje du har kjøpt IT-tenester ein gong og undra på kva som har skjedd. Du har investert nokre millionar i ei løysing som skulle opne dører, endre korleis ein arbeida eller effektivisere ein manuell prosess. Til slutt når løysinga er levert har eigentleg ingenting av det skjedd. Det som har skjedd er at ein kanskje lagrar haugevis med data ein ikkje kan bruke, eller systemet ein trudde ein hadde bruk for manglar vesentlig funksjonalitet, så ein fortsett å knaste på gamle Excel-ark, for dei sørgjer i det minste for at problemet vert løyst.

a-man-upset-alone-sits-on-a-tree-felling-in-the-forest-depressed-and-looks-ahead-where-the-light-is_t20_6nKY7Y.jpg

Figur: Ein person som undrar på IT investeringa si.

Slikt skjer frå tid til anna både på tilbod- og kjøpssida med IT-tenester. Det er ikkje alltid det finnes ein kur, men det ein kan gjere er å ta riktig medisin-cocktail før ein kaster seg inn i eit IT-prosjekt. Vår medisin er “forprosjekt”.

lemonade_t20_3gePmN.jpg

Figur: Ein rosa cocktail

Pille 1: Retningspille

Den første pilla i cocktailen er å setje retning. Eit prosjekt må vere fundamentert i faktiske behov ei verksemd har, som gir verdi på kort sikt (MVP), samt i det minste ha ein vag ide om kva V1, V2 osv er. Om ein er for laus i mandatet tidleg så kan ein hamne i ein “engineering first” tilstand der ein gjer “eit eller anna”, framfor å faktisk angripe problemet ein skal løyse. Ver tydelig på problemområde, skikkelig tydeleg, og fortsett derifrå.

We wanted to provide preventative maintenance for our customers. So now we have 3 terrabytes of indiscernible logs of un-contextualised data. We spent 3 MNOK on that.

chemistry-and-science-woman-holding-a-flask-with-fluid-chemical-scientist-chemical-industry_t20_lW1mm2.jpg

Figur: Rosa kjemikalie i glas

Pille 2: Team og kjemi

Det er viktig å justere forventingar om korleis ein skal arbeide saman. Eit forprosjekt vil avdekke om ein er på same bølgelengde. Det er like viktig for ein kunde å kvalifisere oss, som det er for oss å kvalifisere ein kunde. Me har ein arbeidskultur og ein måte å arbeide på som gjer at me kan levere gode resultat. Om samarbeidsformen ikkje let seg gjere, så finn ein ut av det i eit forprosjekt, før ein har brukt for mykje pengar.

I love working with these guys, only problem is that I have to be online at 2200 hours each night to sync with the Indian lead dev.

pink-brown-drink-spoon-coffee-aroma-caffeine-coffee-beans_t20_4dNAbv.jpg

Figur: Bønner ein kan telje, med rosa bakgrunn.

Pille 3: Budsjett og tryggleik

Ein liten investering (som eit forprosjekt er) kan fungere som ein cut-off før ein går heilt inn i prosjektet. IT-utvikling og design kan ha eit fornuftig prisbilete om ein faktisk finn ut kva ein eigentleg ønsker seg, hakker det opp i spiselige biter, justerar forventingar og definerer tydelige mål som vil gi verdi. Tydelige rammer for oss gjer det mogleg å tilpasse ambisjonsnivået og tilrettelegge for riktig bruk av ressursar som vil gi ekte verdi.

We have one guy internally doing backend, frontend, design, project-management and customer contact. I think he is overworked. Wonder what might happen if he left.

Med desse tre pillane i bakhovudet kan me gå over til kva artefaktar ein kan forvente kjem ut av eit forprosjekt. Poenget med eit forprosjekt for oss er at me har konkrete ting som me har laga saman. Forprosjektet skal gi oss ein peikepinn på kva MVP er, samt gi oss ein god effekt av dei tre pillane.

nominated-already_t20_gRYxPx.jpg

Figur: Ilder med rosa nase, for å lukte på ting.

Ikkje alle artefaktar og aktivitetar er relevante for alle forprosjekt. Saman med kunde finn me ut kva me ynskjer at skal være utfallet. Nedanfor kan du sjå litt kva som ofte inngår.

Innsikt

Kjenne, føle og forstå er viktig, difor gjer me ofte dette:

  • Utforme personas for å forstå kven brukaren er
  • Utforme brukarhistoriar (user stories) for å kjenne litt på funksjonaliteten og kva ein ynskjer å gjere i systemet
  • Utforme ei eller fleire brukarreiser

We now know our user and what we want them to experience in our new solution.

Teknisk vurdering

Når ein skal bygge noko, må ein ofte vurdere korleis grunnmuren skal sjå ut:

  • Foreslå ein arkitektur
  • Undersøke eller foreslå infrastruktur
  • Undersøke og forstå datastrukturar og modellar
  • Definere funksjonelle og ikkje-funksjonelle krav

Our idea will most likely require us to move some of our data to the cloud.

Andre greier

I gamle dager kunne ein som regel berre hoppe ut i IT-prosjekt. No til dags bør ein (om høveleg) gjere seg nokre tankar om:

  • GDPR
  • Tryggleik
  • Presentasjonsmateriale
  • Designsystem
  • Branding
  • Universell tilgang

The tailored powerpoint presentation helps me to communicate the strategy we have for our new customer experience.

business-ideas-planning-science-forms-idea-graphic-draft-pen-and-paper-it-project_t20_OJQgOp.jpg

Figur: Wireframes på papir.

Wireframes

Me opplever at om ein faktisk tek seg litt tid til å lage nokre wireframes (systemskisser) så vert det enklare så sjå for seg ein heilskap og tekniske utfordringar.

  • Low-fidelity wireframes (heilt enkle, penn og papir)
  • High-fidelity wireframes (på datamaskin, med brand, fargar og stjernestøv)
  • Klikkbare wireframes

We used the clickable prototype to validate our idea before investing heavily into development efforts.

Ballbinge(?) estimat og tidslinjer

Ballpark (ballbinge?) estimater og tidslinjer for å sjå for seg:

  • Kostnader og estimater
  • Kva teamsamanseting ein bør ha mot ein MVP
  • Tidslinjer og eit tidleg utkast til ein roadmap

The MVP scope we decided on will most likely be ready for our latest deadline. However, we need to reconsider our budget and limit scope.

Med eit utval av desse artefaktane fiks ferdig levert i moderne format i Notion (interaktive dokument), Figma (skisseverktøy) så har ein eit betre utgangspunkt for å lage ein nydelig MVP, få justert utviklingsbudsjettet og hovudprosjeket har ein tydeleg retning.

team-of-happy-business-people-standing-in-office-looking-at-camera-smiling-and-clapping-hands_t20_G7Jo6e.jpg

Figur: Nokon som har gjort eit forprosjekt og ser lukkelege ut, veit kva dei skal og kva dei kan forvente seg av kostnader og leveranser dei neste 6-12 mnd.